Meland Jazzkafe - Andreas Westermoen & The Jazz Birds

page view image
Arrangementsdato

fredag 27 feb 2026 19:30

Slutter fredag 27 feb 2026 23:00
BESTILL

Tilgjengelige varer

Medlem
Ordinær
event image

Arrangementsinformasjon

I februar stiller huspianist Andreas Westermoen med sesongen sine handplukka (og kortreiste) musikarar og songarar – og ein bunke heilt nyskrivne notar.

Vårens konsept, «Jazz Birds», er ein konsert som flyg både høgt og lågt saman med turtelduer, nattugler og trekkfuglar. Vi svevar gjennom fleire byar, stikk gjerne ein tur innom Birdland, og lengtar etter våren undervegs.

Paul Fawcus er med i rolla som «Bird» (Charlie Parker), men denne gongen handlar det aller mest om dei to dyktige songfuglane Camilla Myhrer-Næss og Solveig Westermoen. Inspirerte av vokalgrupper som Lambert, Hendricks & Ross og Manhattan Transfer, byr vi på nyframføringar fulle av harmoni og vokalakrobatikk. Med ein syngande pianist på tredjestemma – og eit stødig komp som sørgjer for både stabilitet og bakkekontakt – ligg alt til rette for ei luftig, leiken og samstundes jordnær jazzoppleving.

Konsertstart: 20:00. Dørene opnar: 19:30



Tags

jazz
konsert
meland
frekhaug
meieriet
birds
Organizer
Meland Jazzkafe