Meland Jazzkafe - Trøen, Arnesen Kvartett
Informasjon
Trøen Arnesen Kvartett blir leia av den framifrå Elisabeth Lid Trøen, ein talentfull norsk saksofonist, fløytist, ensemblemusikar og komponist. I samarbeid med den legendariske pianisten Dag Arnesen har kvartetten begeistra publikum sidan 2017. Med seg har dei Sigurd Steinkopf på trommer og Ole Marius Sandberg på bass, og saman skapar dei ei harmonisk blanding av talent og kunstnarleg dugleik.
I 2021 gav kvartetten ut sitt kritikarroste debutalbum, Tread Lightly. Ikkje gå glipp av sjansen til å oppleva kunstnarskapen deira live!