page view image

Lousiana Washboard Five - Meland Jazzkafe

Informasjon
event image

Vi har gleda av å ønskje velkomne til ein kveld fylt med ekte jazzglede og autentiske rytmar frå jazzens gullalder!

🎶 Fredag25. april får vi igjen vitjing av Louisiana Washboard Five, eit prislønt og kritikarrost tradjazzband frå Bergen. Bandet er kjent for si energiske og leikne framføring av jazz frå slutten av 1920- og byrjinga av 1930-talet – rett frå hjartet av New Orleans, Chicago og Kansas City.

✨ Med fire album bak seg og internasjonal merksemd – mellom anna brukt i Netflix-serien Jupiter’s Legacy – er dette ein konsert du ikkje vil gå glipp av!

Medverkande:

  • Steinar Sætre – klarinett og saksofon
  • Ketil Sæthre – trompet
  • Ben Milenković – banjo
  • Rolf K. Seldal – vaskebrett og perkusjon
  • Arnulf Røkke – tuba og kontrabass
jazz jazzkafe meland meieriet frekhaug konsert jazzkonsert tradjazz